Helsing frå Vega


Mot Vegafjellene
 

Sjå Vegafjell stig opp av hav -
i kveldsol, langt der vest,
der rødgylt himmel speglast av
når somaren er gjest.
Den kjente, kjære fjellprofil
deg helsar på di ferd,
som mjuke, vàre kjærleiks smil
ifrå di barndoms verd.

Eidem, attom fjellan' blå -
du skulle Hestmarkåsen sjå
der er så ven ein stad!
frå fjell til ljose strand,
og verta nøgd og glad!
Og somarsol på havet skin -
Der foratrean' står så fin' -
til ytste himmelrand.

Frå Sundsvoll og til Vegdal fram -
du ganga kan så lett.
Men kvil deg på ein bergekam -
og sjå om du har sett -
meir storfeldt, ven og vill natur -
med fjell og blanke sund.
og strand med veldig rullsteinsmur
av bølgebrott mot grunn.
 

Sjå Søla, høgreist, bratt og blå -
de ville geiters fjell -
som huldreslott med sølvtårn på -
i avdags-glans mot kveld.
Og i nordvest eit hildreland -
av øyer og av skjær -
med hav og himmel som i brand -
før natta skuggar bær. 

Til Igrøy, over Grimsøy bru -
du fara må eingong!
Den fine vegen sykler du -
og nynner på ein song.
Der er så vent ein somardag -
med skogås, berg og dal.
Og blåe sund med straumedrag -
gjer lufta frisk og sval.

Gladstad vakre kjerkestad,
ein somarsøndag fin -
når bjørka står med grøne blad,
og klokkon' ringjer inn.
Og bygdefolket samlar seg
i vene kjerkehus.
Der song vi salmar, du og eg -
til fagre orgelbrus.

På Gladstad gamle kjerkestad,
dit alle vegar går -
der møter ungdom, ljos og glad -
i livsens fagre vår.
Der møter gamal med sin sut
og lengt til himmelborg.
Der skal vi eingong kvile ut
og gløyme jordlivs sorg.

Di fedreøy, ved Nordlands kyst,
ho vinkar vàrt til deg,
kvar gong ho stig der, solopplyst,
ved havet, på din veg.
Ho helsar deg frå heimen der,
frå søsken, mor og far.
Og den du aller mest fikk kjær
og i dit hjarta bar.


Oskar Næss




Sist oppdatert den 09.sep.2015


Tips en venn Skriv ut