Planteliv på øyene


Utdrag fra boka "Vega gjennom 10 000 år", sidene 84-89, artikkel av Akse Østebrøt:

Mange av øyene rundt Vega består av rike strandlokaliteter og kalkheier. Gjennom kontinuerleg hausting, ved slått og beite, har vegetasjonen og planteartane tilpassa seg denne og gitt rike enger og ulike heier.

Gjengroing

VegamaurePlanteartar som er såkalla konkurransesvake og har behov for mykje lys, har gode høve for å utvikla seg. Gjengroing er dessverre sterk på mange øyer, fordi slåtten er så godt som opphørt, men beite pågår enkelte stader. Med opphør av bruken vil det rike plantelivet bli redusert over tid, sjølv om det i den første tida etter opphør i regelen oppleves ein rikare fase. Sjølv 30 år etter bruk kan enger restaureres, og tidlegare slåttearealer bør derfor slås.

Kvalholmen

Kvalholmen har rik gamal kulturmark, som tidlegare er slått og beita. Vegetasjonen er frodig og saftig. Her er det koller med stort antall plantar, mellom anna hanekam, rød jonsokblom, enghumleblom, skogstorknebb, storblåfjær, blåkoll, torskemunn, stormaure, vendelrot, marigras, gulaks, smyle, dunhvre, fjellrapp, kranskonvall, og orkideane smalmarihand, nattfiol, brudespore og stortveblad.

Tåvær

Tåvær er ein frodig kalkøy med fleire typar av kulturmark. Det finnes både slåttemarker som artsrike enger som på Kvalholmen og overgangar til heivegetasjon. Kollene har ein svært urterik kystlynghei, med enkelte stader mykje av orkideen stortveblad, ein nokså uanselig, til tross for ganske stor, grøn orkide. Dei små blomstrane er verd å sjå nærmare på. Denne finn ein også elles på Vega i dei kalkrike områdane ofte i eit stort antal individar.

kogsholmen

Skogsholmen har også ein svært rik og frodig engsflora av slåttenger. Vegetasjonen her er representativ for dei rike øyene i området, og er ikkje ein vegetasjon ein finn kor som helst. Her har ein dessverre planta til med sembrafuru som skjemmer, i alle fall etter min meining. Poenger er også at dei lysåpne planteartane ikkje vil kunne leva under eller for nær slike furuer, og rein historisk er dei også framandelement. 83 ulike planter er funne i desse engene, og det er rikt! Blant dei ein finn er jåblom, kranskonvall, liljekonvall, ormetynge, vill-lin og orkideane lappmarihand, brudespore og grønnkule. På knausene finn ein i tillegg 7 arter som sandarve, lodnerublom, bitterbergknapp, rødsildre, gulsildre, kattefot og fjellrapp.

Tidligere fiskevær

Lånan, Skjærvær og Bremstein har et særegent samspel mellom plantar, fugl og menneske. Her dreiv ein tidlegare med kombinasjonsbruk av jordbruk og fiske, og det finnes også rester av slåtte- og beitebruk. I tillegg er øyenen svært påverka av fuglegjødsel. Dessverre har også arealbruken opphørt og medført gjengroing og mykje vånd og problemer med erosjon. Mjødurten er det mykje av, og har på mange stader tatt overhand i kulturlandskapet.

Lånan

På Lånen finn ein f.eks. mange regionale og nasjonale sjeldne sumpplanter og vannplanter. Desse synes å følgje kvitkinngåsas trekkrute. Det antas derfor at desse er spredt med gåsa. Som på nokre av dei ytre øyenen finn ein også på nordre del av sjølve Vega rike kalkheier, samt enkelte rike myrer. Begge er tidlegare dels slått og beita. Heiene er dominert av røsslyng. Dei er delar av det beltet med kystlyngheier som i tidlegare tider har strekt seg lang heile Atlanterhavskysten, frå Portugal til Lofoten. Dette er ein av våre eldste kulturmarkstypar, og drifta med beiting, delvis slått og brenning går 4-5000 år tilbake. Nå er det bare rester langs kysten igjen.

Kalkrikt

På nordsida av Vega er det kalkrikt, urterikt og ein finn fleire orkidear, som til dømes vårmarihand, rødflangre, brudespore, grunnkurle og stor-tveblad. Ein annan interessant plante her er Vegamaure. Den er nokså liten, gulhvit, og heller ikkje så lett å få øye på. Den veks også lengre sør på øya. Den finnes ingen annan stad i Noreg. Muligens har også denne blitt sprett hit med fugl over havet frå vest.




Sist oppdatert den 09.sep.2015


Tips en venn Skriv ut